Spor
SPOR i junimarka ser eg etter stiane me gjekk- eg lengtar etter handa di og varmen frå ditt blikk eg lyttar etter stemma di små ord i frå din munn- tel timar netter, dagane forgudar kvart sekund så skapar eg eit pusterom ein kvil i alt som var meg nært- i fotspora veks blomar fram som gulldryss- over alt vi hadde kjært Else Britt Sæter 2020